Så våkna vi opp til sludd og hagl her på Grindafjord Feriesenter, campinglivet kan visst by på mange overraskelsar :-) men Maja og mormor kosar seg likavel :-)
Har ikkje pakka med meg scrapputstyret denne helga, så håpar at scrappe-lystene ikkje blir for store då, det er vel ofta sånn at lysten til å gjera noke kreativt er på topp når anledningen ikkje er tilstede :-)
Får heller ta noken omgangar på strikketøyet, som ikkje har vore rørt siden påsken......ikkje likt meg men, sånn er det når hobbygleden tar ein svipp-tur innom andre hobby-greiner :-) og konfirmasjonar er nært foreståande.
Her er noken av konfirmantkorta eg har laga i det sista:
Så no er det vel på tide å endra tankegangen, og prøva ut andre kort, siden konfirmasjonstida er på hell her i mitt distrikt i alle fall :-)
Kanskje eg må begynna å surfa på nett etter gode idèar og inspirasjon......
Del dine gleder med dei rundt deg, så skal du sjå at gleden din sprer seg som ringar i vatnet!
Ønske dåke alle ei strålande helg, enten det er snø eller vår i lufta ☼
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar