søndag 28. november 2010

1.søndag i advent.....

Ja så er me på vei inn i ei travel førjulstid, men la oss no huska på at det er dei koselige tankane vi legger i arbeidet som teller mest :-)


Vil helst at alle skal kunna kosa seg, og ikkje la seg stressa i denne tida , så mitt råd til deg må bli å systematisera dine gjøremål, skriva lista, og stryka ut etterkvart gjøremåla er unnagjort.....dette vil heile veien gi deg ein oversikt over kva du faktisk har gjort, og er ferdig med....Her gjelder det, som ellers i livet, å fokusera på da positiva :-) La denne tida bli en gledes tid, der du kan kosa deg innimellom slagene, ta deg tid til å gå på ein julakonsert, med god samvittighet, eller berre rett og slett ein tur i skog å mark for å samla litt pynt, og masse krefter :-)


Sjølv brukar eg julamusikk til arbeidet, og kosar meg med det, legger tingene til side når dei er ferdige, og har endå ein ting som eg kan stryka av lista mi....og det gir meg glede og ro i sjela 


Ha ei fortreffelig, kreativ men også avslappande koselig førjulstid, å husk at det er TANKEN BAK som teller aller mest, så gi gjerne dei du møter både eit smil og ein klem med på ferden vidare!



tirsdag 23. november 2010

Mormors egen Pingvin

Prøver meg med å legga ut det eine bildet eg har av mormor sin egen Pingvin.....som stadig vekk springer rundt og framfører Mumle-dansen :-)


Til dei som ikkje har sett filmen Happy Feet, så anbefaler eg å setta av ein time eller to, gjerne sammen med resten av familien, i denne søte adventstida for å sjå denne filmen som eg syns er SÅ skjønn :-)


Ellers så nærmer jula seg med stormskritt, og eg har endå noken prosjekt eg gjerne skulle hatt utført før julekveden er her.....så håpar på noken flotte ettermiddagar og kveldar, med kaffi i kruset, julamusikk på cd-spelaren  og aldri så lite kreativitet i skinnet frå levande lys ;o)


Ha ei fantastisk flott førjulstid, og husk at ditt smil kan glede så mange i ei travel tid, og noken positive ord kan snu ein grå dag til ein strålande solskinnsdag, så del av DIN positive glede på din vei :o)



torsdag 18. november 2010

Tunika....en glede å laga å ein glede å gi ......

Så fekk eg endelig fram igjen symaskina.....etter noken travle dagar opptatt med tusen andre ting :-)
Anledningen er at eg skal i ein 50 års dag, til ei som elskar rødt :o) så då passte da vel med ein rød tunika vel :o) Håpar berre at den fell i smak, og at eg har truffet med størrelsen då :-)


Forøvrig så er pingvindressen blitt overlevert ei storfornøyd litå jenta, som var veldig glad :o) og pingvindansen frå den koselige "Happy Feet" filmen vart villig demonstrert for ei stolte mormor :-)
Får håpa at mora kan få tatt noken bilder, så eg får legga ut resultatet her òg :-)


Så gjenstår berre å ynskja dåke alle ei kreativ førjulstid, og husk at det å gi litt av di tid, kan bety så uendelig mykje meir enn du anar ;o)