torsdag 30. september 2010

Ting tar tid....

Som de ser så er det ikkje noken nye oppdateringer på ullfilt-kåpa, men eg nærmer meg slutten på prosjektet no.....viss det finnes noken slutt då :-) så de får heller venta i spenning litt til.


Går litt rundt meg sjølv for tida, er sjuk, og prøver å pleie meg sjøl, sånn at nyrene mine vil vera på lag med meg igjen, samtidig som eg går her å ventar i spenning på mitt tredje barnebarn....Spennandes tider :-)


For å sitera John Lennon, så er livet det som skjer mens du planlegger noko anna.......... Husk å la livet vera ein del av deg, og nyt det sammen med dine, ta vare på minnene og husk det er meir i mellom himmel og jord enn de fleste andre steder!


Ha ein kreativ dag videre!



mandag 27. september 2010

Vanskelig å stoppa.....

Som dåke forstår så har eg visst fått blod på tann no, og dotter mi sitter vel på jobb og luar på om mormor huskar på at det er hennes hentedag av prinsessa i barnehagen i dag :-) Ja, det kan eg forsikra om, gløymer ikkje akkurat det, sjøl om tida flyr når eg held på med sånnt som dette.

Sydde meg ei brun ull-filt kåpa på seinvinteren, men gjorde den aldri heilt ferdig......for det første så var det vel litt mykje skulearbeid på den tida, og for det andre blei eg ikkje enige med meg sjølv om detaljane på den :-)

Men no er eg begynnt påàn igjen, et par detaljer er kommet på plass, og eg ser for meg korleis resten skal bli, men det kan nok endå ta noken dagar til den er heilt ferdig :-) så i mellomtiden får dåke heller få ein smakebit av detaljane :-)

For dei som kjenner meg godt, så veit dei at Øyenstikkaren er et vikitg symbol for meg, sjølv om mange rundt meg meiner den er ekkel, så ser eg at den er ikkje redd for andre, den tar total styring over sitt eige liv, og kjem alltid ned på føttene......Vingene bærer den akkurat dit den vil.....Dette har eg vel brukt som ein metafor gjennom ein del vanskelige år, og når eg endelig synst eg hadde klart å lausriva meg frå fortida, så gjekk eg lika godt til anskaffelse av min eigen øyenstikkar....men den blir dessverre skjult under masse varme klær no på denne årstida, derfor valgte eg å la den få vera med meg på kåpa mi......Eg er litt opptatt av at kleda mine skal symbolisera meg....så då blei det sånn her. :-)

Ha ein fortsatt strålande dag!

Laus strikkahals :-)

Hei igjen!


Her kjem bilde av den halsen eg har lagt inni den lilla ullfilt kjolen....
Den er strikka i et fantastisk deilig garn, litt dyrt, javel, men i allfall kjempegodt. Det eg har brukt er Sandnes Kashmir Alpakka, kjem nok å bruka det på fleire ting vil eg tru.....


Har berre brukt 1 nøste, så då går det liksom an å betala 74,- kr for nøsta.....det er den samme tråden eg har brukt når eg hekla rundt armar og hals på kjolen og, å då oppnår eg jo å få samme fargsjateringer  i heila prosjektet :-)


Så no er det berre å venta å sjå kva som blir neste prosjekt, har ikkje noko spesiellt på gang, men sånne ting dukkar jo plutselig berre opp, og no når symaskina først er opp kan eg jo kanskje gjera ferdig ullfilt-kåpa mi...som manlgar dei siste detaljane :-) Har ikkje blitt enige med meg sjøl angåande småplukket på den, men kanskje det blir ei råd no då :-) har noken idear innimellom då......, men  når man legger noke inn i hukomelsen, så må man  jo huske kor man legger det då!


For ein ting er å leggja planer, noko ganske annet å veta kor man  har lagt dei......


Ha ein strålande haustdag alle sammen!



søndag 26. september 2010

Mitt siste prosjekt

Her kjem bilde av helgas prosjekt, ein mørk lilla ullkjole, med offwhite dekor, og med ein laus strikkahals til....
Var kjempekjekt å gjera noko konstruktivt, og så går det jo så fort :-)


Trur dette vil bli ein av vinterens slager hos meg, så kan godt henda eg utvide garderoben med fleire fargar etterkvart :-) og fleire variantar, til tross for at venninnene mine påstår eg har MEIR enn NOK klær då....


Så får me sjå kva det neste blir, holder på i den spede begynnelse av ein Pingvin-drakt til mitt barnebarn, så eg får vel prioritera den no tenkjer eg, men kan jo henda det blir noken julspresangar innimellom :-)


Ha ei kreativ veka folkens, og husk at det stora i livet ligger ikkje foran deg, men er hos deg her og no!





Bloggverden, skummelt eller berre kjekt?

Ja så har eg klart å laga meg ein blog då, håpar berre at eg kan klara å administrera den til andres og mitt eige besta òg då :-)


Innimellom mine "filosofiske" kvardagstankar, som enkelte kjenner frå min Facebook-profil, så har eg i blandt ein kreativitet som må luftast, og då kan det jo vera greit å ha ein plass å leggja ut bilder, frustrasjon og glede over det å skape eller rett og slett glede over berre å vera til :o)

Dei beste og nydligste ting i verden kan verken sees eller tas på. Dei må følast av hjarta! <3 
Så følelsane er viktige, og ikkje mnst ser eg det som viktig å ta vare på dei rundt meg, sjå kva eg sjøl faktisk kan, heller enn å grava meg ned i problem....Ingenting er umulig, det umulige tar berre litt lengre tid å løysa :o)


Noko av det som gir meg glede i ein travel kvardag, er å finna roen av mitt eget lille hjørna, der ting eg er glad i står samla, lysestaker og skål frå Hadeland, som eg har fått av mine kjøre barn, brusglassene etter mi mormor, englekalenderen frå min kjære Amerika-tante, nydelig duk frå gode Amerika-venner, samt mitt eget hjerte-bilde, som blei til i ein ellers tung og vanskelig tid....Detaljer i det er hjerter, som viste meg at så lenge hjerta slår er det liv, og håp, og notene som symboliserar den musikken eg tydde til i ei tung og vanskelig tid....men som de ser så er vel rødfargen viktigare i komposisjonen enn det svarte, så eg fann veien ut av den situasjonen eg befann meg i, og er vel i dag styrka betraktelig :-)
Vasen er i dag fyllt av Märtha-liljer, fått av ei fantastisk god venninna gjennom 30 år :-) Gode venner er gull verdt, og verdt å tas vare på <3







Ha ein strålande dag videre! Og husk å dela av ditt smil og din glede, med dei du møter på din vei!