søndag 7. august 2011

Sommaren på hell?

No var det jammen meg lenge siden eg var her inne, så då får eg bruka ein regnværsdag til å oppdatera litt :-)

Sommaren har vel vore så som så, værmessig, men eg har allikevell nytt nesten all mi fritid her inne på Grindafjord i campingvogna mi.
Har hatt masse kjekt besøk, både kvardag og helg, så eg føler jo at eg har fått holdt kontakten med mange av mine venner gjennom sommaren :-) Gode vennerer vel verdt å ta vare på! Så dåke er alle hjertelig velkommen å stikka innom, både her og når eg "flyttar" heim igjen :-)

Ei helg var me ein jentegjeng her, skulle riktig kosa oss og slå ut håret, men dessverre var det Oslo tragedien som opptok oss mest, stemningen blei dyster, sorgtung og ettertenksom i stedet for festlig, full av glede og latter, men jammen meg var det endå godt å dela denne spesielle helga, med folk som betyr noke spesiellt for meg.

Helga i Seljord, på Countryen med gode venner var jo også ein sukssè, dette gjer eg gjerna om igjen! Topp sommarvær, flott musikk, god stemning og ikkje minst verdens beste campingvenner. Tusen takk til alle på camp KurtRonny, som bidrog til ei fantastisk helg :-)

Var noko tungt å begynna på jobb igjen etter den helga der, men pytt sann, det gjekk seg til utover arbeidsveka :-)

I går var det endelig litt sommarfølelse igjen, og dagen vart brukt til å besøka Etne marknaden, det er liksom blitt eit fast innslag det òg, alltid kjekt å sjå kva di ulike standa har å by fram, få litt kreative innspel, snakka med folk, drikka kaffi og kosa seg. Takk til Wenche som delte denne dagen med meg :-)

Etter ei velfortjent kalde ei på terassen, blei det ein rusletur på området her, og besøk i vogna til gode campingvenner, jammen meg er det godt med eit slikt slaraffenliv ;-)

Så i dag er planen å pakke ned litt skittent tøy, ta meg ein tur heimom og få vaska litt klær, før eg skal avgårde å feira 3 års dagen til mormor si prinsesse Maja <3

Då er vel snart denne helga til endes, og ei ny arbeidsveka melder seg, men allerede i morgon kveld ventar eg nytt besøk her inne, av tidligare kolleger. Gleder meg kjempemasse til å snakka med dåke igjen!

Ha ein fantastisk søndag vidare alle sammen, så hpoar eg at det blir litt meir fart i bloggen igjen når høsten bankar på døra for alvor :-)

Klem :-)