søndag 31. oktober 2010

Pingvin til besvær :-)

Så var det denne pingvinen min då, som absolutt ikkje vil vera samarbeidsvillige i dag.....men kanskje eg heller ikkje hadde vore samarbeidsvillige visst eg skulle fått plassert ein glidelås over heile magen min :-)

Men det visar jo i alle fall at ting går på fram, sjølv om det tar lengre tid enn eg hadde trudd då :o)

Ettermiddagen skal tilbringast med familien, og feira ein av mine svigersønner sin fødselsdag, og på menyen står heimalaga smørbrødkake, eller som han kallar det smørgåstårta....tennene løper i vatn berre av tanken, så det er berre å gjera seg klar til familiesamling :o)

Ha ein strålande søndag vidare!

tirsdag 26. oktober 2010

På tide å tenkja på julapresangar.....

Så er tida kommet for levande lys i mørke kveldar, og tankar og produksjon av årets julapresangar er i gong :-)


Føler eg trenger denne tida til planlegging, for i min verden så er det viktig å få akkurat den rette presangen til kvar enkelt, og ein del av dei kan gjerne vera heimalaga med litt ekstra omtanke lagt i :o)


Men det er ikkje alltid like enkelt å klekka ut idèane, men når det først er gjort, er veien kort til produksjon og tilvirkning, og då går tida fort :o) Då får døgnet liksom ikkje nok timar, og lakenskrekken gjer seg gjeldande for fullt.....ikkje enkelt å gå til sengs når du har lyst å bli ferdig med eit prosjekt nei :-)


Så sjølv om det fortsatt er 2 månader igjen til jul, så er eg i alle fall kommet i gong med planlegginga, og faktisk med litt produksjon :o) sjøl om den må gøymast godt unna, sånn at ikkje plutselig mottakaren står der i døra og tar meg sånn litt på senga kan du sei :-)
Har nemlig ei dotter, som ikkje kan dy seg, vil helst veta kva alle får, spesiellt ho sjølv og dotttera då, men eg har etterkvart lang erfaring med henne då, så eg satsar på eg klarar å komma med ein overaskelse og to der i heimen i år òg.....


Så la kreativiteten flyta over, og legg din egen innsats i årets julapresangar, og eg kan nesten lova deg at resultatet blir mottatt med stor glede :o)


Vil ønska dåke alle ein fantastisk haust vidare, og ei kreativ og produksjonsrik førjulstid!



søndag 24. oktober 2010

Ein kjole til.....

Har prioritert deler av helga til ei god venninna, som så gjerne ønska seg ein kjole/tunika :-) og då vil eg jo gjerne gleda henne i ei tid der ho treng all den oppmuntringa ho kan få, ettermange  veker ved sykesenga til sin kjære mann.


Håpar med dette å kunna bidra litt til et smil, litt glede og samtidig visa at venner er gull verdt, og viktig å ta vare på, både i gode og vonde dagar.


Gleder meg til middag med henne seinare i dag! Vennskap er som en kopp sjokolade, den gjør deg varm tvers igjennom.




Ser dessverre at bildet ikkje heilt viser det som er reellt her, men kjolen er sydd i svart ullfilt, med dekor av djuprød ullfilt, og av påsydd garn, av typen Permin Diva.....


Trur eg må gjera noko med mine foto-kunnskaper......det får bli eit mål til ein seinare anledning, no er det produksjon av julepresangar som står for tur :-) Må benytta kveldar og helgar framover, siden eg no skal begynna i jobb igjen :-) Gleder meg til begge deler :-)


Ha ein fantastisk søndag, og ei kreativ veka i vente :-)

Kjært barn har mange navn, Øyenstikkar, Trollslända eller Dragonflie.....

Var ein tur på byn på fredag ettermiddag, og måtte jo ein tur innom Design Forum sin "nye" butikk.....forruten ein julepresang, så kunne eg jo ikkje gå i frå denne søte skapningen her då :-) 


Ein fantastisk flott øyenstikker, skapa av kunsthåndverkerer i fattige deler av Nairobi, laga av rustfri ståltråd og glassperler.


Øyenstikkaren er for meg noko spesiellt, et fantastisk syn når du opplever å sjå den ute i naturen, ein skapning med full kontroll over livet sitt......kanskje det er nettopp derfor eg blir så betatt av den?


Vil med dette oppfordra alle sammen til å tenkja litt fornuftig oppi denne søte førjulstid, og kanskje akkurat DU kan gjera ein liten forandring, ved å handla fairtrade produkter, og dermed gi andre ein reell mulighet for å få ei nødvendig inntekt.


Denne fantastiske skapningen, som i alle fall blir formidla via Design Forum, kjem frå JAMBO FAIRTRADE, www.jambofairtrade.dk


Husk min venn at entusiasme løfter oss forbi begrensningane, og at entusiasme er noko av det vakraste på jord, så derfor mine tankar om å dela våre goder, og å visa vår entusiasme for de enkle ting :-)


Ha ein strålande søndag vidare!








tirsdag 5. oktober 2010

Statsbudsjett - glede, sorg eller kreativt kaos?

Så er årets statsbudsjett lagt ut, og no kan vi sikkert begynna å klø oss i toppen, for å finna ut korleis dette virkar inn på oss i vår kvardag.......ikkje enkelt dette her, og sjøl om tall er ein av mine sterke sider, så skal eg ikkje begynna å rekna på dette her og no :-)


For i grunn så dreier det seg vel i stor grad om korleis vi forvaltar vårt eige liv, korleis vi forvaltar gleder og sorger, håp og skuffelser, og alle dei dagane som er midt-i-mellom dagar.......
Penger er ein dyd av nødvendighet, ja.....men samtidig så er vi vel veldig fleksible når det gjelder å innretta oss, så eg vil tru at om vi, kvar og ein av oss, tar vårt eige liv og vår levnad opp til vurdering, så kjem vi nok ned på føttene denne gongen òg :-)


Ikkje det at eg meiner vi skal la politikk vera politikk, og ut frå det la politikarane bestemma over oss....Det er nemlig viktig at vi som enkeltpersonar involverar oss, og er med på dei arenaene der vi kan påvirka, og vågar å stå for våre valg, vågar å sei det, og å fronta våre eignee hjertesaker....men denne bloggen skal jo handla om gleder i kvardagen, ikkje om politikk, så den diskusjonen får tas eit anna sted :-)


La livet ditt, kvardag og helg, vera prega av det DU setter pris på, det DU har lyst å fylla dagen med, og det DU har lyst å vidareføra til neste generasjon....og ved å dela dette med dei rundt deg, så blir det ikkje berre DU som er i sentrum, men VI/OSS :-) 


For kunsten er vel å balansera det gode med det nødvendige, dela av glede og sorg, la dei rundt deg bli involvert, og ikkje minst å visa at vi setter pris på kvarandre.....La dette bli litt av din utfordring det neste året, kall det gjerne ditt eige statsbudsjett, og la det vera med å styra livet ditt vidare......Livet er så alt for kort til å dvela ved alt vi ikkje kan gjera noko med, dvela ved ting som er blitt sagt eller gjort, eller å dvela ved dei sure minene...La gleden og latteren, inkludering, positive tankar og gjerningar vera det som styrer kvardagen din, så vil du sjå at dette skapar ringar i vatnet, og bidrar til at andre kan trekka på smilebåndet, kan tenkja positivt, ford dei ser at det nyttar :-)


Livet er jo ikkje kva som har skjedd med deg, men kva du huskar og korleis du huskar det.....dagen i dag, blir morgondagens minner :-)


Ha ein strålande og tankefull dag vidare!   



mandag 4. oktober 2010

Gleder kan vera så mangt..... :-)

Som overskrifta seier, så kan jo glede vera så mangt......for meg er det viktig å sjå gleden i dei små tinga. Dei som vi omgir oss med i kvardagen, enten det er ting vi plutselig finner tid til i ein travel kvardag, eit nydelig øyeblikksbilde i omgivelsane våre eller det som akkurat no opptar meg aller mest, ein av dei 3 største gledene i kvardagen min for tida, den nye babyen :-)


Mormor-kos er vel rette ordet å bruka på dette her......Mormor og den nye prinsen,  her 3 dager gammal, og alt på besøk hos mormor  :-)

Ikkje godt å sei kven av oss som kosar seg mest, men holder ein knapp på at det er mormora :-)


"En baby er sånn en flott måte å starte et menneske på." Don Herold


Mødre er nesten magiske for dei får deg til å føla deg bedre heilt uten medisin! 
Kva skal vi då sei om sånne små vidunderlige skaperverk som dette då, dei får oss vel til ikkje å trenga medisinen i utgangspunktet dei då :-) 
Glede er det i allefall, å sitta med ein sånn skjønn liten prins, og berre kjenna varmen frå ein liten kropp, høyra på go`lydane hans og veta at han faktisk trenger deg i framtida :-) at her kan du faktisk bidra med litt av din erfaring, og som takk  vankar det gjerne både kos og klem.....


Eg vil i allefall nyta gleden ved mine barnebarn, og er glad for at eg kan følgja dei på nært hold, og virkelig ha ein reell mulighet for å vera tilstede i livet deires :-)


Ei mors tålmodighet er etter sigende som ein tube tannkrem - den tar aldri heilt slutt, kanskje mormors tålmodighet då må vera som ein økonomi-tube med tannkrem???? 


Ha ein fantastisk dag med dine små kvardagsgleder!

fredag 1. oktober 2010

Feeeeerdig, eller.....

I påvente av denne babyen som ikkje vil komma ut til denne verden, så har mormorå i alle fall gjort ferdig kåpa si :-)


Så no er det berre å ta den i bruk, håpa at den verste vinden holder seg vekke, for vindtett er ikkje akkurat det som beskriver ullfilt :-)



Slenger på bilder med noken detaljer, som eg personlig meiner er det som gjer kåpa til mi :-) Måtte mange månader til før eg fann ut kva detaljer eg ville ha, men når tankane først var i boks gjekk det jo greit å gjennomføra dei på noken dagar då. Men.....erfaringen tilsier vel at detaljer er lettare å sy på før du syr heile plagget sammen, men men, då hadde ikkje resultatet litt slik som det er no, så kven veit, blir kanskje gjort på samme måte ved neste korsvei òg :-)


Øyenstikkarane har fått auger, av Swarovski-krystall perler :-) Sånn går det når eg rotar rundt i alt mulig, så dukkar det opp alt mulig. Får vurdera å gjera bruk av noken perler gjen snart kanskje???? 


Så ynskjer eg dåke ein riktig fin fredag, og ei fantastisk kreativ helg i vente :-)