lørdag 19. mars 2011

Endelig litt nytt herifrå :-)

Har visst vore stille frå meg ei god stund, ventar og ventar på bilder av tidligare produserte huer, som blei gitt bort til jul, samt kåpa til frøken Turbo....men disse døtrene mine som skulle ta bilder har visst svikta meg her :-)


Men no er det blitt produsert litt andre ting, så eg får heller legja ut litt av det då :-)


Første prosjekt etter jul, blei Arne & VCarlos Space Invaders genser til minstemann, men når minstemann strekker seg til over 190 cm, med eit vingespenn på 2 meter, så tok den litt tid....holder no på med siste armen, og satsar på at det nærmar seg slutten :-)



Synst i alle fall den blir kjempestilige med sine romvesen på :-)


Innimellom øktene på denne så har eg gjort ferdig eit gammalt prosjekt eg fann i ei korg :-) så då blei det ei vår-jakka til Turbo frøknå mi, og då måtte det jo fylgja med ei Hello Kitty hua òg :-)
For Hello Kitty er nemlig den siste tidas virkelige katt i allemannseie.
Mønsteret til denne hua, som forøvrig også gjorde stor suksè hos nabojenta her, som fekk ei av meg, har eg funnet på ein blogg. Så får oppskrifta til denne hua kan du gå hit: http://smoochiemonsters.blogspot.com/2010/05/oppskrift-pa-hello-kitty-luen-min.html 
Stor takk til Kristine som deler oppskrifta med oss andre :-)



                                        


No gjenstår berre å sjå om jakka er passelig, var nemlig ikkje mulig å gjera så mykje med den påbegynte størrelsen, siden eg måtte bruka den tråden eg hadde tilgjengelig. 
Kunne ikkje finna meir av den på butikken, så den er vel gått ut antar eg :-)


Gleder meg stort over fint vårvær, og håpar at med våren så vil kreativiteten auka, og små og store prosjekt komma på løpande bånd :-)


Ynskjer dåke alle ei sprudlande og kreativ helg, og ein fantastisk vår i vente!