søndag 27. november 2011

Advent og julaforberedelsar

Så er det vel på tide å innsjå at eg ikkje er heilt der eg hadde ønska å vore i år heller......Tenk å vore ferdige med alle presangane til første adventshelga, og berre kunne nytt ei koselig tid som ligger framfor oss no, med koselig besøk, julskonsertar, ein tur på julemarked og alt sånn som ellers fristar :-)


Dette er vel noko eg bør bli flinkare til, og i år er eg i alle fall kommet godt i gang, og kreativiteten har vore ganske så god vil eg påstå :-) så det eg skal laga sjølv er enten i produksjon, eller alt klart til innpakking.....ein herlige følelse :-D Så her blir det mange heimalaga pakkar i år, håpar dei bringer lika mykje glede å motta, som det har vore for meg å laga dei :-)


Verre står det nok til med dei eg må ut å kjøpa :-) Likar ikkje så alt for godt den trengselen på kjøpesenter rundt omkring, så eg prøver å ta med meg litt no og litt då, for heller å komma i mål på den måten....for eg kan ikkje berre kjøpa noko for å kjøpa, det MÅ bli noko som eg enten veit at mottakaren ønska seg, eller så er det viktigaste for meg å finna akkurat den pakken eg trur vil passa til nettopp den som skal få den, det er jo det som er det kjekke, men samtidig nok det som innimellom kan gi meg mest "håvebry" men pytt sann, kva gjer eg ikkje for å kunna gleda familie og gode venner :-) 


Eg vil nyta kveldane med familie og gode venner, over ein kopp god Mango-te,  eller som for meg var nytt av året, lys gløgg, ein kopp kaffi med ei enkel pepperkaka til, eller rett og slett over berre litt skravling, med eit lite julaverksted eller strikkarbeidet for hånda, då kosar eg meg, føler meg priviligert over å kunna ha muligheten til å kunna nyta alt dette som eg kanskje tar for gitt ellers i ein travel kvardag....


Ønskelista.....nei det treng eg ikkje....ein liten enkel post-it lapp rommer mine eigne ønsker, ei ny steikepanna og eit nytt minnekort til kamera, ellers har eg så eg klara meg....men ønsker å kunna gleda dei rundt meg, masse av tid sammen med  familie, barnebarn og gode venner....her rekker ikkje tida alltid til, helgene har ein lei tendens til å bli for få :-)


Ønsker meg visst også opplæring i kamera mitt igjen..... ser at bildene tatt i dag har fått heilt feil dato :-( elektroniske duppeditter er ikkje mi sterke sida, så eg må nok ty til noken av mine søte små for å få det på rett kjøl igjen :-)


Senk skuldrene, nyt årets første søndag i advent, og tenk over kor mykje det er å gleda seg over her i livet <3
Ta tida tilbake, og la deg sjøl vera den som styrer livet ditt så skal du sjå at ventetida fram til jul blir ei fantastisk flott tid, uten "programforplikta" stress og mas :-)


Legger ut et par bilder med litt av min produksjon, kanskje kan det få akkurat deg i kreativ stemning og modus til å senka skuldrene? 


Ha ein kreativ og flott første søndag i advent alle sammen!