søndag 19. desember 2010

4.søndag i advent

Så er me komt til det som kallas "skitnesøndag". Søndagen før jul, då det er "lov" å vaska og styre på med alle mulige julaforberedelsar.....trur vaskinga skal få bero, men eg skal prøva å få gjort meg ferdig med det håndarbeidet som gjenstår, og heller nyta dagen med det. 


Ute snøar det lett, og legger ned et nytt lag med nysnø, godt at eg fekk måka unna det som kom tidligare i veka, slik at det blir enkelt å ta det som kjem ned no, om det blir nødvendig :-)


Denne veka har som vanlig berre forsvunnet vekk, kor blir egentlig dagane av.....klarar eg ikkje gripa dei før dei fyker forbi, eller er det andre også som har veker som stort sett består av mandagar og fredagar?


Men når det er sagt, så har eg no i alle fall fått unna litt, samtidig som eg har fått deltatt på ein del arrangement, et nytt av året, og et par som eg eg prøver å få gjort kvart år i førjulstida. 
Tradisjonar er viktige å ta vare på!


Fredagen starta med jobb, avbrutt med ein koselig førjulslunsj på Frelsesarmèens Bu- og Omsorgssenter her i byn, det gir litt perspektiv på livet det ja.....men eg blir jo igrunn påminna livets realiteter på jobb i fengselet kvar dag, og ser jo kor heldige eg og mine nærmaste har vore i livets loddtrekning....det er ikkje alle forunt å gå gjennom livet på den rette sida av verken loven eller moralen.....
Omsorg blir vel eit viktig ord å ta med seg inn i det nye året!


Så avslutta eg fredagen sammen med eldste dotter mi, i ei fullsatt historisk Avaldsnes Kyrkja, med ein fantastisk flott julakonsert av Voice of Joy. Det var så håra reiste seg i nakken, og ein fantastisk opplevelse :o) Tusen takk for at dåke brukar tida på å spre julens budskap, julastemning og julaglede :-)


Lørdagen var fullsatt, med litt symaskinsarbeid, kjempekoselig førjulsbesøk av ei go venninna og mannen hennes, 3 års dag til mormors beste P, og koselig julabord med kolleger frå min tidligare jobb, dette må jo gjera ein ydmyk og glad, å bli invitert med der var jo ikkje ein selvfølgelighet for meg. Tusen takk for invitasjon, og mange gode ord i løpet av kvelden. Det føles av og til godt å bli savna òg :-)


Eg trur jo at eg må ha verdens beste venner rundt meg, i dag er eg invitert til middag hos ei av mine beste venninner og hennes familie, glede meg stort til å dela ettermiddagen med dei, kosa oss med god mat, masse koselig førjulsarbeid (les; strikking) og koselig drøs. Tusen hjertelig takk for at eg får vera ein del av livet dåkes!


Så er det berre å lada opp til julaveka, med barnehage-henting av mormors Turbo-M. mandag og tirsdag etter jobb, koking av årets julaskinka (ein av mine svenske tradisjonar som berre MÅ vera tilstede), forhåpentligvis tid til litt "Dopp-i grytan" i forbindlse med det, og utdeling av julapresangar til venner og familie. 


Men først av alt skal eg på intervju angåande ein ny jobb på mandags formiddag, og eg kjenner det pirrar litt i mageregionen angåande det....og dette er virkelig ein jobb eg kunne tenkt meg, så her gjelder det å kryssa fingrane, tenkja positivt og å holda tunga rett i munnen....men skulle det ikkje vera min tur den gongen, så byr det seg nok andre anledningar, og stillingar å søkja på etterkvart òg.....


Vil ynskja dåke alle ei fantastisk flott julaveka, og husk at det er minnene om samvær og kos som er viktige, ingen sjekkar om det er reint i alle skap, skuffer og ellers andre krør.


 Den beste julakransen binder du av gode ord og mange SMIL

:-) :-) :-) :-) :-) :-) :-) :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar