Som overskrifta seier, så kan jo glede vera så mangt......for meg er det viktig å sjå gleden i dei små tinga. Dei som vi omgir oss med i kvardagen, enten det er ting vi plutselig finner tid til i ein travel kvardag, eit nydelig øyeblikksbilde i omgivelsane våre eller det som akkurat no opptar meg aller mest, ein av dei 3 største gledene i kvardagen min for tida, den nye babyen :-)
Mormor-kos er vel rette ordet å bruka på dette her......Mormor og den nye prinsen, her 3 dager gammal, og alt på besøk hos mormor :-)
Ikkje godt å sei kven av oss som kosar seg mest, men holder ein knapp på at det er mormora :-)
"En baby er sånn en flott måte å starte et menneske på." Don Herold
Mødre er nesten magiske for dei får deg til å føla deg bedre heilt uten medisin!
Kva skal vi då sei om sånne små vidunderlige skaperverk som dette då, dei får oss vel til ikkje å trenga medisinen i utgangspunktet dei då :-)
Glede er det i allefall, å sitta med ein sånn skjønn liten prins, og berre kjenna varmen frå ein liten kropp, høyra på go`lydane hans og veta at han faktisk trenger deg i framtida :-) at her kan du faktisk bidra med litt av din erfaring, og som takk vankar det gjerne både kos og klem.....
Eg vil i allefall nyta gleden ved mine barnebarn, og er glad for at eg kan følgja dei på nært hold, og virkelig ha ein reell mulighet for å vera tilstede i livet deires :-)
Ei mors tålmodighet er etter sigende som ein tube tannkrem - den tar aldri heilt slutt, kanskje mormors tålmodighet då må vera som ein økonomi-tube med tannkrem????
Ha ein fantastisk dag med dine små kvardagsgleder!
Så fint skreve, mamma!! <3 William gleda seg nok te neste mormor-kos allerede!:)
SvarSlettÅååå så søtt, blir nesten misunnelig, Snuppa :)
SvarSlett