søndag 24. oktober 2010

Ein kjole til.....

Har prioritert deler av helga til ei god venninna, som så gjerne ønska seg ein kjole/tunika :-) og då vil eg jo gjerne gleda henne i ei tid der ho treng all den oppmuntringa ho kan få, ettermange  veker ved sykesenga til sin kjære mann.


Håpar med dette å kunna bidra litt til et smil, litt glede og samtidig visa at venner er gull verdt, og viktig å ta vare på, både i gode og vonde dagar.


Gleder meg til middag med henne seinare i dag! Vennskap er som en kopp sjokolade, den gjør deg varm tvers igjennom.




Ser dessverre at bildet ikkje heilt viser det som er reellt her, men kjolen er sydd i svart ullfilt, med dekor av djuprød ullfilt, og av påsydd garn, av typen Permin Diva.....


Trur eg må gjera noko med mine foto-kunnskaper......det får bli eit mål til ein seinare anledning, no er det produksjon av julepresangar som står for tur :-) Må benytta kveldar og helgar framover, siden eg no skal begynna i jobb igjen :-) Gleder meg til begge deler :-)


Ha ein fantastisk søndag, og ei kreativ veka i vente :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar