Som dåke forstår så har eg visst fått blod på tann no, og dotter mi sitter vel på jobb og luar på om mormor huskar på at det er hennes hentedag av prinsessa i barnehagen i dag :-) Ja, det kan eg forsikra om, gløymer ikkje akkurat det, sjøl om tida flyr når eg held på med sånnt som dette.
Sydde meg ei brun ull-filt kåpa på seinvinteren, men gjorde den aldri heilt ferdig......for det første så var det vel litt mykje skulearbeid på den tida, og for det andre blei eg ikkje enige med meg sjølv om detaljane på den :-)
Men no er eg begynnt påàn igjen, et par detaljer er kommet på plass, og eg ser for meg korleis resten skal bli, men det kan nok endå ta noken dagar til den er heilt ferdig :-) så i mellomtiden får dåke heller få ein smakebit av detaljane :-)
For dei som kjenner meg godt, så veit dei at Øyenstikkaren er et vikitg symbol for meg, sjølv om mange rundt meg meiner den er ekkel, så ser eg at den er ikkje redd for andre, den tar total styring over sitt eige liv, og kjem alltid ned på føttene......Vingene bærer den akkurat dit den vil.....Dette har eg vel brukt som ein metafor gjennom ein del vanskelige år, og når eg endelig synst eg hadde klart å lausriva meg frå fortida, så gjekk eg lika godt til anskaffelse av min eigen øyenstikkar....men den blir dessverre skjult under masse varme klær no på denne årstida, derfor valgte eg å la den få vera med meg på kåpa mi......Eg er litt opptatt av at kleda mine skal symbolisera meg....så då blei det sånn her. :-)
Ha ein fortsatt strålande dag!
Nydelig ;-)
SvarSlett