lørdag 5. mai 2012

Vår eller vinter???

Så våkna vi opp til sludd og hagl her på Grindafjord Feriesenter, campinglivet kan visst by på mange overraskelsar :-) men Maja og mormor kosar seg likavel :-)


Har ikkje pakka med meg scrapputstyret denne helga, så håpar at scrappe-lystene ikkje blir for store då, det er vel ofta sånn at lysten til å gjera noke kreativt er på topp når anledningen ikkje er tilstede :-)


Får heller ta noken omgangar på strikketøyet, som ikkje har vore rørt siden påsken......ikkje likt meg men, sånn er det når hobbygleden tar ein svipp-tur innom andre hobby-greiner :-) og konfirmasjonar er nært foreståande. 


Her er noken av konfirmantkorta eg har laga i det sista:









Så no er det vel på tide å endra tankegangen, og prøva ut andre kort, siden konfirmasjonstida er på hell her i mitt distrikt i alle fall :-) 


Kanskje eg må begynna å surfa på nett etter gode idèar og inspirasjon......


Del dine gleder med dei rundt deg, så skal du sjå at gleden din sprer seg som ringar i vatnet! 


Ønske dåke alle ei strålande helg, enten det er snø eller vår i lufta ☼ 

tirsdag 24. april 2012

Vår i lufta :-)


Har hatt noken utrolig kjekke og kreative dagar sammen med gode venner, og det gir jo ikkje berre resultat i utførte ting, men også masse ny inspirasjon å jobba vidare med. 

Starta med å delta på Håndverkstedet for barn og unge, HFBU sitt landsmøte i Bergen, den 13.-15. april, og det var jammen meg fullt av både gode venner og gode kursopplevelsar. 
Her sydde eg pute med englemotiv på, lærte å strikka dobbelstrikk, med motiv på begge sidene, laga englebilde, og pynta ein fin liten boks, i tillegg til å smi meg ein smørjekniv, og eit skaft til ein kakespade....jammen ikkje lite me klara å få produsert sammen med slike kjekke folk. Tusen takk for ei flott helg, med flotte kurslærarar.

Så gjekk ferden vidare til Sjurdalen i Meland kommune, gjorde litt "nordhordalending" av meg for ei vekas tid, dagane her fyllte vi opp med litt shopping av scrappeting, samt ein ganske så bra produksjon av kort og diverser scrappe-relaterte ting. 
Litt snakk og kjas blei det vel og tid til, sjøl om stillheten var hørbar innimellom når konsentrasjonen var på da høgaste :-) Er vel ingen som vil tru det at det kunne vera stille mellom Anne Gro og meg, men når me jobbar iherdig så går det faktisk an :-) Tru det eller ei :-)

Lørdagen opprann og bilen var lasta med diverse scrappeutstyr, turen blei lagt til Ellevilt Scrappetreff i Alversund. 
Her møtte vi både kjente og ukjente til ein knallkjekke dag i Scrappingens tegn, utrulig  flinke og kreative damer samla på eit brett, jammen meg gir det inspirasjon :-) 

Bildet viser lørdagens produksjon :-)


Så var turen over for denne gongen, og eg vendte nesa heimover igjen med ein ekstra kasse med diverse sjølvlaga ting som bagasje, heldige meg som har gode venner som både kjørte meg til Bergen og Kystbussen, og ikkje minst som fekk bagasjen min på plass :-) 

Mandags formiddag blei det kursing av noken bekjente i kortlaging, her gikk det unna, og eg trur dei storkoste seg alle sammen :-) 
Det var i alle fall noken stolte eigarar av både kort, sjokoladekort og pynta Toffife-eske :-)

Samtidig føler eg at idèane står i kø, så eg håpar på å få prøvd ut noken fleire ting i dagane som kjem, då satsar eg på å få lagt inn litt meir her òg. Trur erett og slett det var våren som måtte til for å setta meg i sving etter ein lang haust og vindfull vinter :-) 
Eg ønske dåke alle noken inspirerande og flotte vårdagar!


"Tross alt seirer våren og varmen og viljen,
tross alt seirer livet som grønnes og gror.
Og er du en slektning av blåveisfamilien,
så har du en gjerning å gjøre på jord."
av Arne Paasche Aasen 



onsdag 28. mars 2012

Leeenge siden sist, men da skjer no litt innimellom då....

Uff å uff, dårlig samvittighet høyrer ikkje vel slettes ikkje inn under gleder i kvardagen, så det skal eg ikkje utbrodera meir om :-)

Sjøl om det er lenge siden sist innlegg her, så har det no hendt at eg har vore litt kreativ  innimellom behandling, trening og pass av mine herlige barnebarn.

Den første tida som sjukemeldt og lite mobil, brukte eg dagane til diverse småstrikk, blandt anna så sørga eg for at vinflaskene mine ikkje skulle frysa i løpet av vinteren :-)



Noke av det eg har likt aller best, er nok denne som er avbilda under her, "lille speil på veggen der....." sjølvsagt pynta med ein øyenstikkar og to......


Siden eg ikkje hadde fleire speglar å ta av, så gjekk eg over på diverse boksar og lerret, siden all kreativitet fortsatt ikkje hadde fått utspring :-)



Siste tilskudd må nok vera dagens produksjon, jammen overraska eg meg sjøl og laga noken kort.....det er ikkje mi sterke sida, men no hadde eg bruk for et par, å då var det jo lika greit å prøva seg på det òg.




Å den som endå hadde vore så heldige å hatt eit hobbyrom, så hadde eg sluppet å "rota" til alt med desse hobbyprega sprella miine, men men eg vrukar den plassen eg har, så får eg heller rydda opp etter meg for kvar gong, men det blir i allefall ikkje i kveld :-)

søndag 27. november 2011

Advent og julaforberedelsar

Så er det vel på tide å innsjå at eg ikkje er heilt der eg hadde ønska å vore i år heller......Tenk å vore ferdige med alle presangane til første adventshelga, og berre kunne nytt ei koselig tid som ligger framfor oss no, med koselig besøk, julskonsertar, ein tur på julemarked og alt sånn som ellers fristar :-)


Dette er vel noko eg bør bli flinkare til, og i år er eg i alle fall kommet godt i gang, og kreativiteten har vore ganske så god vil eg påstå :-) så det eg skal laga sjølv er enten i produksjon, eller alt klart til innpakking.....ein herlige følelse :-D Så her blir det mange heimalaga pakkar i år, håpar dei bringer lika mykje glede å motta, som det har vore for meg å laga dei :-)


Verre står det nok til med dei eg må ut å kjøpa :-) Likar ikkje så alt for godt den trengselen på kjøpesenter rundt omkring, så eg prøver å ta med meg litt no og litt då, for heller å komma i mål på den måten....for eg kan ikkje berre kjøpa noko for å kjøpa, det MÅ bli noko som eg enten veit at mottakaren ønska seg, eller så er det viktigaste for meg å finna akkurat den pakken eg trur vil passa til nettopp den som skal få den, det er jo det som er det kjekke, men samtidig nok det som innimellom kan gi meg mest "håvebry" men pytt sann, kva gjer eg ikkje for å kunna gleda familie og gode venner :-) 


Eg vil nyta kveldane med familie og gode venner, over ein kopp god Mango-te,  eller som for meg var nytt av året, lys gløgg, ein kopp kaffi med ei enkel pepperkaka til, eller rett og slett over berre litt skravling, med eit lite julaverksted eller strikkarbeidet for hånda, då kosar eg meg, føler meg priviligert over å kunna ha muligheten til å kunna nyta alt dette som eg kanskje tar for gitt ellers i ein travel kvardag....


Ønskelista.....nei det treng eg ikkje....ein liten enkel post-it lapp rommer mine eigne ønsker, ei ny steikepanna og eit nytt minnekort til kamera, ellers har eg så eg klara meg....men ønsker å kunna gleda dei rundt meg, masse av tid sammen med  familie, barnebarn og gode venner....her rekker ikkje tida alltid til, helgene har ein lei tendens til å bli for få :-)


Ønsker meg visst også opplæring i kamera mitt igjen..... ser at bildene tatt i dag har fått heilt feil dato :-( elektroniske duppeditter er ikkje mi sterke sida, så eg må nok ty til noken av mine søte små for å få det på rett kjøl igjen :-)


Senk skuldrene, nyt årets første søndag i advent, og tenk over kor mykje det er å gleda seg over her i livet <3
Ta tida tilbake, og la deg sjøl vera den som styrer livet ditt så skal du sjå at ventetida fram til jul blir ei fantastisk flott tid, uten "programforplikta" stress og mas :-)


Legger ut et par bilder med litt av min produksjon, kanskje kan det få akkurat deg i kreativ stemning og modus til å senka skuldrene? 


Ha ein kreativ og flott første søndag i advent alle sammen! 




søndag 7. august 2011

Sommaren på hell?

No var det jammen meg lenge siden eg var her inne, så då får eg bruka ein regnværsdag til å oppdatera litt :-)

Sommaren har vel vore så som så, værmessig, men eg har allikevell nytt nesten all mi fritid her inne på Grindafjord i campingvogna mi.
Har hatt masse kjekt besøk, både kvardag og helg, så eg føler jo at eg har fått holdt kontakten med mange av mine venner gjennom sommaren :-) Gode vennerer vel verdt å ta vare på! Så dåke er alle hjertelig velkommen å stikka innom, både her og når eg "flyttar" heim igjen :-)

Ei helg var me ein jentegjeng her, skulle riktig kosa oss og slå ut håret, men dessverre var det Oslo tragedien som opptok oss mest, stemningen blei dyster, sorgtung og ettertenksom i stedet for festlig, full av glede og latter, men jammen meg var det endå godt å dela denne spesielle helga, med folk som betyr noke spesiellt for meg.

Helga i Seljord, på Countryen med gode venner var jo også ein sukssè, dette gjer eg gjerna om igjen! Topp sommarvær, flott musikk, god stemning og ikkje minst verdens beste campingvenner. Tusen takk til alle på camp KurtRonny, som bidrog til ei fantastisk helg :-)

Var noko tungt å begynna på jobb igjen etter den helga der, men pytt sann, det gjekk seg til utover arbeidsveka :-)

I går var det endelig litt sommarfølelse igjen, og dagen vart brukt til å besøka Etne marknaden, det er liksom blitt eit fast innslag det òg, alltid kjekt å sjå kva di ulike standa har å by fram, få litt kreative innspel, snakka med folk, drikka kaffi og kosa seg. Takk til Wenche som delte denne dagen med meg :-)

Etter ei velfortjent kalde ei på terassen, blei det ein rusletur på området her, og besøk i vogna til gode campingvenner, jammen meg er det godt med eit slikt slaraffenliv ;-)

Så i dag er planen å pakke ned litt skittent tøy, ta meg ein tur heimom og få vaska litt klær, før eg skal avgårde å feira 3 års dagen til mormor si prinsesse Maja <3

Då er vel snart denne helga til endes, og ei ny arbeidsveka melder seg, men allerede i morgon kveld ventar eg nytt besøk her inne, av tidligare kolleger. Gleder meg kjempemasse til å snakka med dåke igjen!

Ha ein fantastisk søndag vidare alle sammen, så hpoar eg at det blir litt meir fart i bloggen igjen når høsten bankar på døra for alvor :-)

Klem :-)

lørdag 19. mars 2011

Endelig litt nytt herifrå :-)

Har visst vore stille frå meg ei god stund, ventar og ventar på bilder av tidligare produserte huer, som blei gitt bort til jul, samt kåpa til frøken Turbo....men disse døtrene mine som skulle ta bilder har visst svikta meg her :-)


Men no er det blitt produsert litt andre ting, så eg får heller legja ut litt av det då :-)


Første prosjekt etter jul, blei Arne & VCarlos Space Invaders genser til minstemann, men når minstemann strekker seg til over 190 cm, med eit vingespenn på 2 meter, så tok den litt tid....holder no på med siste armen, og satsar på at det nærmar seg slutten :-)



Synst i alle fall den blir kjempestilige med sine romvesen på :-)


Innimellom øktene på denne så har eg gjort ferdig eit gammalt prosjekt eg fann i ei korg :-) så då blei det ei vår-jakka til Turbo frøknå mi, og då måtte det jo fylgja med ei Hello Kitty hua òg :-)
For Hello Kitty er nemlig den siste tidas virkelige katt i allemannseie.
Mønsteret til denne hua, som forøvrig også gjorde stor suksè hos nabojenta her, som fekk ei av meg, har eg funnet på ein blogg. Så får oppskrifta til denne hua kan du gå hit: http://smoochiemonsters.blogspot.com/2010/05/oppskrift-pa-hello-kitty-luen-min.html 
Stor takk til Kristine som deler oppskrifta med oss andre :-)



                                        


No gjenstår berre å sjå om jakka er passelig, var nemlig ikkje mulig å gjera så mykje med den påbegynte størrelsen, siden eg måtte bruka den tråden eg hadde tilgjengelig. 
Kunne ikkje finna meir av den på butikken, så den er vel gått ut antar eg :-)


Gleder meg stort over fint vårvær, og håpar at med våren så vil kreativiteten auka, og små og store prosjekt komma på løpande bånd :-)


Ynskjer dåke alle ei sprudlande og kreativ helg, og ein fantastisk vår i vente! 

søndag 19. desember 2010

4.søndag i advent

Så er me komt til det som kallas "skitnesøndag". Søndagen før jul, då det er "lov" å vaska og styre på med alle mulige julaforberedelsar.....trur vaskinga skal få bero, men eg skal prøva å få gjort meg ferdig med det håndarbeidet som gjenstår, og heller nyta dagen med det. 


Ute snøar det lett, og legger ned et nytt lag med nysnø, godt at eg fekk måka unna det som kom tidligare i veka, slik at det blir enkelt å ta det som kjem ned no, om det blir nødvendig :-)


Denne veka har som vanlig berre forsvunnet vekk, kor blir egentlig dagane av.....klarar eg ikkje gripa dei før dei fyker forbi, eller er det andre også som har veker som stort sett består av mandagar og fredagar?


Men når det er sagt, så har eg no i alle fall fått unna litt, samtidig som eg har fått deltatt på ein del arrangement, et nytt av året, og et par som eg eg prøver å få gjort kvart år i førjulstida. 
Tradisjonar er viktige å ta vare på!


Fredagen starta med jobb, avbrutt med ein koselig førjulslunsj på Frelsesarmèens Bu- og Omsorgssenter her i byn, det gir litt perspektiv på livet det ja.....men eg blir jo igrunn påminna livets realiteter på jobb i fengselet kvar dag, og ser jo kor heldige eg og mine nærmaste har vore i livets loddtrekning....det er ikkje alle forunt å gå gjennom livet på den rette sida av verken loven eller moralen.....
Omsorg blir vel eit viktig ord å ta med seg inn i det nye året!


Så avslutta eg fredagen sammen med eldste dotter mi, i ei fullsatt historisk Avaldsnes Kyrkja, med ein fantastisk flott julakonsert av Voice of Joy. Det var så håra reiste seg i nakken, og ein fantastisk opplevelse :o) Tusen takk for at dåke brukar tida på å spre julens budskap, julastemning og julaglede :-)


Lørdagen var fullsatt, med litt symaskinsarbeid, kjempekoselig førjulsbesøk av ei go venninna og mannen hennes, 3 års dag til mormors beste P, og koselig julabord med kolleger frå min tidligare jobb, dette må jo gjera ein ydmyk og glad, å bli invitert med der var jo ikkje ein selvfølgelighet for meg. Tusen takk for invitasjon, og mange gode ord i løpet av kvelden. Det føles av og til godt å bli savna òg :-)


Eg trur jo at eg må ha verdens beste venner rundt meg, i dag er eg invitert til middag hos ei av mine beste venninner og hennes familie, glede meg stort til å dela ettermiddagen med dei, kosa oss med god mat, masse koselig førjulsarbeid (les; strikking) og koselig drøs. Tusen hjertelig takk for at eg får vera ein del av livet dåkes!


Så er det berre å lada opp til julaveka, med barnehage-henting av mormors Turbo-M. mandag og tirsdag etter jobb, koking av årets julaskinka (ein av mine svenske tradisjonar som berre MÅ vera tilstede), forhåpentligvis tid til litt "Dopp-i grytan" i forbindlse med det, og utdeling av julapresangar til venner og familie. 


Men først av alt skal eg på intervju angåande ein ny jobb på mandags formiddag, og eg kjenner det pirrar litt i mageregionen angåande det....og dette er virkelig ein jobb eg kunne tenkt meg, så her gjelder det å kryssa fingrane, tenkja positivt og å holda tunga rett i munnen....men skulle det ikkje vera min tur den gongen, så byr det seg nok andre anledningar, og stillingar å søkja på etterkvart òg.....


Vil ynskja dåke alle ei fantastisk flott julaveka, og husk at det er minnene om samvær og kos som er viktige, ingen sjekkar om det er reint i alle skap, skuffer og ellers andre krør.


 Den beste julakransen binder du av gode ord og mange SMIL

:-) :-) :-) :-) :-) :-) :-) :-)